Behandling, Bacillus Calmette Guerin
BCG-instillasjon i blære
Undersøkelser viser at det er funnet kreft i urinblæren din. Du er operert med fjerning av svulsten. For å motvirke dannelse av nye svulster gir vi av og til instillasjon med BCG (Bacillus Calmette Guerin) i urinblæren. Bakterien som brukes er den samme som brukes ved vaksinasjon mot tuberkulose. Behandlingen brukes ved overfladisk voksende kreft med tendens til nye svulster etter operasjon.Før
Du kan ete før instillasjonen, men du bør ikkje drikke dei fire siste timane før behandlinga, og dei to timane instillasjonen er i blæra. Dette er for at urinblæra skal vere tom, slik at ein unngår fortynning av medikamentet.
Ta med urinprøve før kvar behandling.
Under
Slik er behandlinga:
- Du tømer blæra
- Vi legg inn kateter (slage) gjennom urinrøret til urinblæra
- Vi set BCG-oppløysinga i kateteret, og fjerner kateteret
- Etter ca 20 minutt kan du reise heim
- Hald oppløysinga i blæra i 2 timar, så langt det er mogleg
- Uriner i sittande stilling
Etter
Etter instillasjonen er det viktig at du drikk rikeleg med væske det første døgnet.
Toalettbesøk
- Ved vasslating skal du alltid sitte, også menn. Dette er for å unngå søl av urin med BCG-bakteriar. Dersom du søler urin skal du tørke opp med papir, kaste papiret i toalettet, vaske hendene, ta nytt papir fukta med ublanda klorin og vaske over. Kast papiret og vask hendene igjen.
- Både menn og kvinner skal tørke seg med papir over urinrørsopninga. Papiret skal kastast i toalettet.
- Vask hendene med såpe i rennande vatn før du skyller ned.
Ta ekstra omsyn til hygiene om du er i lag med personar som har svekka motstandskraft mot infeksjonar.
Det kan vere risiko for å infisere partnaren din med BCG-bakteriar. Ved samleie skal ein bruke kondom inntil to veker etter siste behandling. Kvinner i fertil alder må bruke prevensjonsmiddel under heile behandlingstida for å unngå graviditet.
Vær oppmerksom
Det er vanleg med hyppig vasslating og svie etter instillasjon av BCG, og du kan få lett temperaturstiging med influensaliknande symptom og generelt ubehag.
Det er også vanleg med lett blodtilblanda urin.
Dersom du får høg feber og elles sjukdomsfølelse som varer lengre enn 2-3 dagar skal du ta kontakt med fastlege eller urologisk poliklinikk.
Kontakt
Tønsberg
Urologisk poliklinikk
Oppmøtested
Du møter opp på kirurgisk poliklinikk som er i første etasje, rett fram når du kommer inn hovedinngangen.
Tønsberg
Halfdan Wilhelmsens allé 17
3116 Tønsberg